GUDSTENESTER, ANDRE ARR. OG INFO


Velkommen til gudstenester og andre arrangement i Jondal sokn. NB! Neste pilegrimstur vert 8.juli 2021. Under artikkelbiletet (klikk evt. "les mer") finn de link til plakattavle, streaming, smittevern, samtykke og evt. videoar med meir.

 

 

 

For detaljinfo om arrangement, sjå PLAKATTAVLA

Kontakt oss

Gudstenester og salmekveldar vert streama direkte her frå https://jondalkyrkje.vossaskyen.no/   Det same gjeld andre arrangement som er avtalt streama. NB! Dersom du har klikka på linken før vi starta streaming, må du gjerne gå ut av linken, og så gå inn igjen på nytt for å få linken aktiv. Velkommen. Samtykkeskjema jamfør streaming&opptak (for dei som under tenester vert synlege i kor/ kordør framme i kyrkja). NB! Viss du ikkje har levert inn samtykkeskjema og veit at du blir synleg framme i kyrkja, er det fint om du printar ut samtykkeskjemaet og leverer det signert når du kjem i kyrkja, eller at du signerer eit samtykkeskjema i kyrkja før du går inn til tenesta/ arrangementet.

Det er i korona-tid laga videoar frå Jondal kyrkje av følgjande arr:  Folkemusikkmesse 21.juni, Gudsteneste 17.mai, Familiegudsteneste 3.mai, Høgtidsgudsteneste 1.påskedag.   Salmekveldar 9.juni, 13.mai og 22.april. Andakter 26.mai og 30.april.  Pasjonskveld frå langfredag.Babyson (for alle) 28.april og 5.mai  Desse videolinkane er deaktiverte frå 1,juli, då vanlege TONO reglar gjeld frå 1/7. Takk til Sigrid Kvåle, Bård Kråkevik,Trygve Baggegård Myrlid og Voss kommunikasjon som har gjeve oss god oppstartshjelp for å kunne streame, redigere og gjere tilgjengeleg arrangement frå Jondal kyrkje no i korona-tider.

Til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglar gjeld sjølvsagt også for alle arrangement i kyrkja. og Ullensvang kyrkjelege fellesråd har vedteke eigen smittevernsplan.

Ønskjer du vite litt meir om kva som skjer i Ullensvang kyrkjelege fellesråd eller i dei andre kyrkjelydane i Ullensvang, finn du info på fellesrådet si nettside https://ullensvang.kyrkjer.no/ og på facebooksida Kyrkjene i Ullensvang. Jondal sokn har facebooksida Jondal kyrkje.

 

Tilbake