28/1: Vi minner om
1) Invitasjonen til vårtreffeti Sveio, sjå nedanfor(NB!Påmelding allereie innan 30/1 for dykk som vil vere med)
2) Ikkje korøving tysdag 3/2 grunna lærarmøte i Odda for kulturskulen.
3) LEITHAUGprosjektet laurdag 7.februar. Då kjem Bjarte Leithaug og har konsert saman med Solstråla i Jondal kyrkje. Solstråla får gratis korlaurdag, Sjå meir info om dagen nedanfor+ tekstar + øvingslinkar på youtube. Kjempeflott om de inviterer vener, familie, små og store til konserten kl.16.30 den laurdagen
For tidlegare meldingar og info elles, sjekk nedanfor eller på UKS
NB!! Vårtreff i Sveio 24-26.april for born frå 3.klasse og oppover. Påmelding til Anne Karin innan 30.januar, så melder eg på felles innan 1.februar. Info om treffet ser de på linken her.
Info om Leithaugkonserten finn de her.
Tekstar til Leithaugkonserten i Jondal 07.02.2026 og
Liste med YouTubelinkar jfr. Leithaugkonserten i Jondal 07.02.2026
Semesterliste Solstråla kl.2-4 V2026
Semesterliste Solstråla JUS kl.5 V2026
ARKIV:
23/1: Solstråla syng på gudstenesta på søndag, 25/1, kl.11. Vanlege korsongarar møter kl.10.30, de som er TårnAgentar møte kl.10. Vi syng oss saman framme i kortrappa. Dei som ikke er TårnAgentar tar på korkapper. TårnAgentane har låner Tskjorter. Solstråla syng "Skal vi være venner", "Jeg vil si det høyt" og "La de små barn komme". Og vi minner om invitasjon til kortreff i Sveio, sjå nedanfor(NB!Påmelding allereie innan 30/1 for dykk som vil vere med) + info om LEITHAUGprosjektet laurdag 7.februar. Då kjem Bjarte Leithaug og har konsert saman med Solstråla i Jondal kyrkje. Solstråla får gratis korlaurdag, så påmelding og pris på infoskrivet gjeld gjestande kor/ enkeltsongarar.
15/1: Hei alle. No ligg semesterlista nedanfor + invitasjon til kortreff i Sveio (NB!Påmelding allereie innan 30/1 for dykk som vil vere med) + info om LEITHAUGprosjektet laurdag 7.februar. Då kjem Bjarte Leithaug og har konsert saman med Solstråla i Jondal kyrkje. Solstråla får gratis korlaurdag, så påmelding og pris på infoskrivet gjeld gjestande kor/ enkeltsongarar.
Melding 19/12-25: Julafta 24/12 møter vi kl.14.45 i kapellet og gudstenesta startar kl.15.00. Borna sit med familiane sine/ følgjet sitt. Antrekk - juleklede. Songar- Den første jul og En stjerne skinner i natt.
Korstart på nyåret ventar vi med til tysdag 13.januar, så vi har korfri i veke 1 og 2.
Tekstark Selmas sang
Tekstark til familiekonserten
Semesterliste S H2025
Semesterliste JU/S H2025
Hei alle. Vi minner om semesterlista og at vi har korbesøk på Kvåle torsdagskveld 11/12. Det vert ikkje fjøsbesøk denne gongen, så difor endrar vi tida til at de kjem kl.18.30 i morgon. Alle er velkomne til å vere med frå kl.18.30- 20.30.Alternativ juleverkstad med song/ spel/ samling/ leik og mat. Og dei som går i 4 og 5.klasse kan overnatte om dei vil. På adventskonserten søndag 14/12 møter vi kl.15.30. Der syng vi Tenn et lys, Den første jul og En stjerne skinner i natt + at 5 kl.syng Vintertid og resten av koret er med på refrenget. Antrekk- korkappene. Tysdag 16/12 har vi ikkje øving, så 9/12 hadde vi koravslutning. Julafta 24/12 møter vi kl.14.45 i kapellet og gudstenesta startar kl.15.00. Borna sit med familiane sine/ følgjet sitt. Antrekk - juleklede. Songar- Den første jul og En stjerne skinner i natt. Flott om alle gjev tilbakemelding på om de kan vere med/ikkje vere med på 1) Korbesøk og evt. overnatting 11/12, 2) Adventskonserten 14/12 3) Julafta 24/12 innan 11/12 kl.16 pr sms91394982
Melding 25/11-25: Hei alle, og tusen takk alle for flott innsats på familiekonserten i går. Førstkomande søndag, 30.november kl.16.00 har vi Ljosmesse i Jondal kyrkje. Solstråla møter kl.15.30. Vi øver først, så tek vi på kappene. Vi er med i inngongsprosesjonen (syng Hosianna, Davids son) og ber levande ljos (dei som vil) og batteriljos (dei som vil det). Jenny/Enja tenner 1 adventslyset under fellessalmen i starten av gudstenesta. Ylva, Eline og Ida er solistar på Tenn et lys. I løpet av gudstenesta syng vi også Solbarn og Himmelen tonar av lovsong. Etter gudstenesta er det julegrantenning ved blåhuset.
Melding 22/11-25: Hei igjen alle i Solstråla. Vi minner om familiekonserten no måndag 24.november kl.18.00 i Jondal kyrkje. Invitér gjerne med familie og vener til konserten. Enkel kveldsmat etterpå, for dei som har høve til å stoppe igjen. Viss nokon har høve til å bake ei kake eller bollar, sender de sms91394982 til Anne Karin, og så melder ho frå på fellesmelding når vi har nok folk som tek med noko. Antrekk: kor T-skjorter under kappene, så byrjer vi med kapper, og har siste del med T-skjorter. Frammøte for alle, innan kl.17.45. Dei som har lyst til å prøve på soloane sine i mikrofon, møter før kl.17.30.