JONDAL GRENDAKOR


Jondal Grendakor har koroppstart for våren 26.januar kl.19-21. Hjarteleg velkomne alle ungdomar og vaksne som har lyst til å synge i kor.  "Les meir". Velkomne.

                                                                                            

 

 

 

HJARTELEG VELKOMNE TIL KOROPPSTART I JONDAL KYRKJE TYSDAG 26.januar kl.19-21.

Framlegg til semesterplan vert lagt ut her innan utgongen av januar. Dirigent har ferie i veke 1-3.

Velkommen alle songinteresserte til å bli med som korsongarar i grendakoret. 

Vi øver i Jondal kyrkje tysdagar kl.19- 21. Kom og bli med i ein fin og songglad gjeng som syng saman både i kyrkja og andre samanhangar, som gjerne er med på ulike samarbeidsprosjekt - og skaper samarbeidsprosjekt. Sjølv om vi pr. i dag er godt vaksne, ønskjer vi veldig gjerne velkomne medlemmer frå og med ungdomsskulealder og med fri aldersgrense oppad:) - Velkomne.

Vi tar gjerne imot spørsmål om å vere med å synge både i profane og i sakrale settingar. Ta gjerne kontakt med Marit Grethe- 97780275.

*******

TIL ALLE SOM VAR MED HAUSTEN 2020:

TAKK FOR EIT FINT, men annleis, HAUSTSEMESTER.

1.juledag møtte vi kl.10 på galleriet. Englar kved + Utvida lovsong (Gloria)+ Böhmisk julevise + Eg synger jolekvad (note til altstemmene vert klar 21/12)

 

27.august var vi med på kyrkjespelet "Deg å få skode" saman med konfirmantane og Solstråla.Søndag 27.september song vi på konfirmantpresentasjon saman med folkemusikarane Ole Gjerde og Arngunn Timenes Bell og song Folkemusikkmessa frå Hardanger (M: Rannveig Djønne),

Vi hadde streama salmekveld 27.oktober.Vi song på minnegudstenesta helgemessesøndag, Julekonsert med brødrene Nordstrand 15/12 og den lokale adventskonserten i kyrkja 13/12. Vi treama julehelsing til Vikevollen 15/12 og vi blir med på høgtidsgudstenesta 1.juledag.

Grunna pandemien, var vi denne hausten berre aktive i Jondal kyrkje. Melloma anna: 27.oktober laga vi ein enkel salmekveld. Veke 46-48 utgjekk grunna restriksjonar/ oppmodingar frå myndigheitene og visekvelden 17/11 gjekk ut. Vanleg øving frå 1.desember og til deltaking på konsert laurdag 5.desember saman med brødrene Nordstrand.  Her song vi Panis Angelicus, Vitae Lux, Oh Peter Go Ring-A Dem Bells, Englar kved og evt. Det lyser i stille grender 

Semesterlista for hausten 2020  NB! Aktiviteten frå 10- 30.november utgår frå lista.,

 

 

 

 

 

 

Semesterliste JG V 2020 gjeld fram til 12/3, resten av våren vart avlyst grunna korona.

Note til 8,mars - Vi brukar  "Løyn ikkje andletet"

Jondal Grendakor er medlemskor i Norges Kirkesangforbund sitt lokallag Bjørgvin Kirkesangforbund. Songarane har også samla eller enkeltvis høve til å ta del på arrangement via NKSF og BKSF. Gå gjerne inn på sidene deira og sjå kva som skjer.

Våren 2020  vert vi med på nyårskonsert i Herand,  fleire gudstenester i Jondal kyrkje, (pasjonskveld langfredag, korkafé ?,)  og Kyrkjespelet Deg å få skode 27.august, saman med konfirmantane, barnekor og musikarar.

Den tradisjonelle sommarkonserten i Hardanger kulturgalleri saman med korps og kulturskuleelevar vert flytta til våren 2021 grunna unntakstilstanden vi har hatt denne våren.  Og sidan det er Handverksmesse er avlyst, vert det ikkje nokon opptreden 20.juni.

Velkommen til ny korstart tysdag 25.august.

Vedtekter

For stundom å kunne vere med i eit større kor, stifta songarar frå Jondal Grendakor regionskoret Hardangerkoret i 2008. Dette koret starta opp aktivt hausten 2009. Og fleire av korsongarane i JG hentar framleis ekstra inspirasjon ved å vere med i dette regionskoret som de finn info om på linken www.hardangerkoret.no

 

JUBILEUM i 2017

Jondal Grendakor kunne feire 30års jubileum på stiftingsdagen 1.september 2017. Alt 5.november-16 laga vi ein konsert på Jonsvoll saman med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Denne konserten var starten for 30-års jubileet vårt, og koret avslutta jubiléet med ei songgudsteneste i kyrkja, søndag 3.september-17.  Sjølve 30års dagen feira vi med jubileumskonsert  i Jondal kyrkje 1.september 2017 kl.19.30 saman med Solstråla, Hardanger Big Band (HBB), John Ole Morken og Lajla Buer Storli.

SIdan sida nett er omlagt, har vi ikkje fått på plass alle bilete og tilpassingar ala nedanfor.

Over: 30års jubilanten Jondal Grendakor - etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 3.september 2017
Nedanfor: 25års jubilanten Jondal Grendakor- etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 2.september 2012 

 

Tilbake