Mykje aktivitet i kyrkja i sommar!


Det er mykje fin aktivtet i Jondal kyrkje gjennom heile sommaren, og me håpar at mange vel å ta turen innom kyrkja med vener og familie. 

 

 

 

Frå 15.juni til 16.august er denne vakre kyrkja open kvar dag for besøkande mellom kl. 10 - 20.

I same periode er det kyrkjebåtturar kvar onsdag kveld kl. 19. Kyrkjebåten går frå Jondal Båthavn og er gratis for alle. Redningsvestar kan lånast i kyrkjebåtnaustet. Ein vakker tur som anbefalast sterkt. Sjå meir om KYRKJEBÅTTURANE.

Kvar tysdag kl. 11.30 vil det vera lunsjkonsertar med kantor Anne Karin Stormyr og andre besøkande. Konsertane varer 30 minutt, og det vert enkel servering av te og kaffe etter konsertane. 

Det vert nokre salmekveldar/kveldsbøner, der vi høyrer og syng kjende og nye salmar saman.  

Det vert gudstenester 21/6, 5/7, 26/7, 16/8 og 30/8 

Og så vil me minne om Pilegrimsturen den 9. juli - sjå meir her: PILEGRIMSTUREN

Det blir gjerne sit par sommarkonsertar.

Me ynskjer dykk alle ein god sommar, og hjarteleg velkomne til Jondal Kyrkje! 

Plakat kjem.

Tilleggsinfo: 

Vaktliste for åpen kyrkje kjem her

 

Tilbake