Pilegrimsturen 2014


 

Torsdag 10.juli 2014 gjekk den årlege pilegrimsturen over Folgefonnhalvøya, frå Krossdalen til Reisæter.
31 deltakarar var med over fjellet i strålande sommarver. Undervegs feira vi 4 små gudstenester, tidebønene Laudes, Sekst, Non og Vesper. Turleiar og liturg var Anne Karin Stormyr, Ingrid Stranden Håvik var tekstlesar og Sigrid Brattabø Handegard var god ankerkvinne for følgjet.

Det var mykje snø i fjellet, så frå Langedalshaugen ovanfor Krossdalen og mest heilt fram til Reiseteegga, gjekk turen på snøfenner denne gongen. Den tøffe nedstiginga på mest tusen høgdemeter frå Reiseteegga og ned lia mot Reisæter har vorte ei heilt anna for pilegrimsvandrarar etter den flotte innsatsen som no vert gjort med å steinsette Pilegrimsvegen/Buførevegen ned lia. Så vi rettar ein stor takk til eldsjeler og stønadsytarar som har gjort dette arbeidet mogeleg, og ein stor takk til dugnadsytarar og sherpaer for den flotte utføringa av arbeidet. No vonar vi på ei god oppgradering av pilegrimsvegen også over fjellplatået med varding, noko som vil gjere pilegrimsvegen både godt synleg i landskapet og meir tilgjengeleg for vandrarar også utanom organiserte turar.

Beste helsing
Anne Karin Stormyr,
for Øvre Krossdalen Grendalag og Jondal sokneråd

Tilbake