JONDAL GRENDAKOR


Velkommen til haustsemesteret 2020. Vi øver tysdagar kl.19-21 i Jondal kyrkje.

Dei siste tre vekene i november avlyser vi all planlagt aktivitet grunna restriksjonar & oppmodingar frå helsemyndigheitene jamfør Covid-19. VOnaleg kan vi møtast igjen til juleøving 1.desember.

                                                                                            

 

 

 

Søndag 27.september song vi på konfirmantpresentasjon saman med folkemusikarane Ole Gjerde og Arngunn Timenes Bell og song Folkemusikkmessa frå Hardanger (M: Rannveig Djønne),

Grunna pandemien, vert vi denne hausten berre aktive i Jondal kyrkje. Melloma anna: 27.oktober laga vi ein enkel salmekveld. Veke 46-48 utgår no grunna restriksjonar/ oppmodingar frå myndigheitene og visekvelden 17/11 gåt ut. Vi satsar på å vere attende igjen til øving 1.desember og til deltaking på konsert laurdag 5.desember saman med brødrene Nordstrand. 

Semesterlista for hausten 2020  NB! Aktiviteten frå 10- 30.november utgår frå lista.,

Velkommen alle songinteresserte til å bli med som korsongarar i grendakoret. 

Vi øver i Jondal kyrkje tysdagar kl.19- 21. Kom og bli med i ein fin og songglad gjeng som syng saman både i kyrkja og andre samanhangar, som gjerne er med på ulike samarbeidsprosjekt - og skaper samarbeidsprosjekt. Sjølv om vi pr. i dag er godt vaksne, ønskjer vi veldig gjerne medlemmer frå ungdomsskulealder og med fri aldersgrense oppad:) - Velkomne.

Vi tar veldig gjerne imot spørsmål om å vere med å synge både i profane og i sakrale settingar. Ta gjerne kontakt med Marit Grethe- 97780275.

 

 

 

 

 

 

Semesterliste JG V 2020 gjeld fram til 12/3, resten av våren vart avlyst grunna korona.

Note til 8,mars - Vi brukar  "Løyn ikkje andletet"

Jondal Grendakor er medlemskor i Norges Kirkesangforbund sitt lokallag Bjørgvin Kirkesangforbund. Songarane har også samla eller enkeltvis høve til å ta del på arrangement via NKSF og BKSF. Gå gjerne inn på sidene deira og sjå kva som skjer.

Våren 2020  vert vi med på nyårskonsert i Herand,  fleire gudstenester i Jondal kyrkje, (pasjonskveld langfredag, korkafé ?,)  og Kyrkjespelet Deg å få skode 27.august, saman med konfirmantane, barnekor og musikarar.

Den tradisjonelle sommarkonserten i Hardanger kulturgalleri saman med korps og kulturskuleelevar vert flytta til våren 2021 grunna unntakstilstanden vi har hatt denne våren.  Og sidan det er Handverksmesse er avlyst, vert det ikkje nokon opptreden 20.juni.

Velkommen til ny korstart tysdag 25.august.

Vedtekter

For stundom å kunne vere med i eit større kor, stifta songarar frå Jondal Grendakor regionskoret Hardangerkoret i 2008. Dette koret starta opp aktivt hausten 2009. Og fleire av korsongarane i JG hentar framleis ekstra inspirasjon ved å vere med i dette regionskoret som de finn info om på linken www.hardangerkoret.no

 

JUBILEUM i 2017

Jondal Grendakor kunne feire 30års jubileum på stiftingsdagen 1.september 2017. Alt 5.november-16 laga vi ein konsert på Jonsvoll saman med Aasmund Nordstoga og Åsmund Reistad. Denne konserten var starten for 30-års jubileet vårt, og koret avslutta jubiléet med ei songgudsteneste i kyrkja, søndag 3.september-17.  Sjølve 30års dagen feira vi med jubileumskonsert  i Jondal kyrkje 1.september 2017 kl.19.30 saman med Solstråla, Hardanger Big Band (HBB), John Ole Morken og Lajla Buer Storli.

SIdan sida nett er omlagt, har vi ikkje fått på plass alle bilete og tilpassingar ala nedanfor.

Over: 30års jubilanten Jondal Grendakor - etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 3.september 2017
Nedanfor: 25års jubilanten Jondal Grendakor- etter Song-gudstenesta i Jondal kyrkje 2.september 2012 

 

Tilbake