BLI MED I SALMESONGEN


Bli med i ei syngande kyrkje. Salmar for Maria Bodskapsdag og fastetida ligg nedanfor. Du vil også snart finne salmar for dei særskilde dagane i påskehøgtida. Klikk "Les mer" og syng med. 

 

Snart kjem her salmar til dei særskilde dagane i påskehøgtida.

No er det fastetid, og de kan synge salmane for fastetida som har nynorsk tekst saman med linkane her. Klikk på salmen du vil synge, og bli med i songen: 108 Vår Gud han er så fast ei borg/ 110 Sjå no, sjå no, sjå den plage/ 114 Høyr, krukka brast, og oljen ser du renne/ 115 Jesus, lyft ditt ljose merke/ 116 Å, hjelp meg, du som hjelpa kan/ 117 Se, vi går opp til Jerusalem (bm)/ 118 Timen er komen, han sitt verk skal gjera/ 119 Hjelp meg, Herre Krist, å strida478 Vær sterk, min sjel, i denne tid416 Du Far og Herre, du som rår

 

Midt i fastetida feira vi festdagen Maria bodskapsdag. Sidan gudstenesta i Jondal 22/3 gjekk ut grunna Korona-situasjonen, inviterer vi deg til å synge Maria bodskapsdag saman med kantor på nett. Klikk på dei salmane du vil synge med på/ høyre: 121 Der sola renn i himmelrand/ 122 Å skjønnest rose på vår jord/ 123 Maria gjekk i tornesnar/ 124 Maria hun er en jomfru ren/ 125 Guds folk for sin konge skal kveda/ 126 Frå englemunn dei sæle orda fell/ 127 Salig du och högt benådad/ 128 Gud bur i eit lys/ 129 Lovsangen toner/ 130 Alle kilder bryter frem i glede/ 131 Vi synger med Maria

Syng i kyrkje og i heim. Våren 2020 var det tenkt 1 salmekveld i månaden i Jondal kyrkje. Salmekveld tysdag 24.mars er no avlyst grunna Korona. Vil du synge litt medan du ventar på neste salmekveld, finn du programmet frå første salmekvelden her.

Sjå oppdatert plakat på plakattavla, Info for Jondal sokn. 

Jondal Grendakor tok ansvaret for salmekvelden 24.mars, men denne salmekvelden er no utsett på ubestemt tid grunna Korona. Om salmekveldane etter påske går som normalt, kjem an på utviklinga jamfør Korona. Dei andre salmekveldane er ved kantor. Dersom enkeltpersonar eller ulike grupper kan tenkje seg å vere aktivt med som formidlar(ar), musikar(ar) eller songar(ar) på ein eller fleire av salmekveldane, er det flott om de kontaktar kantor. Hjarteleg velkomne med på salmekveldane anten som kyrkjelyd eller som medverkande. 

Vi legg opp til salmestunder der enkeltpersonar eller grupper bestemmer halvparten av salmane, kantor har nokre temasalmar, gjerne jamfør salmediktar eller komponist, og det er sjølvsagt rom for ønskjesalmar. 

Elles oppmodar vi deg til å ta fram salmeboka og synge eller lese heime, salmane vi har sunge på salmekveldane/ salmetimane. Program frå tidlegare salmetimar finn de nedst i artikkelen.

2019.11.19 Salmebokjubileum, kåseri

2019.07.03 Sommar, Olsok, Sande

2019.06.20 Pinse, Jonsok, Brun

2019.05.08 Påske, årstider, Bell

2019.04.03 Faste, pasjon, påske, Bjerkreim 

2018.06.13  Henning Sommerro, Treeinings- og Jonsoktid & Ønskjesalmen

2018.05.23  Edvard Hoem, Vår & Sommar.

2018.04.11  Påskesalmane

2018,03.14  Litt faste, pasjon, påske & Petter Dass

2018.02.14  Fastetid og Anders Hovden

2018.01.17  Openberringstid & Elias Blix

2017.11.15  Luther Salmesong

Lukke til.

Og, dersom de ønskjer reprise på nokon av programma ovanfor, tek de kontakt med kantor. Så kan vi finne ny tid for programmet anten på galleriet eller i framme ved kordøra.

 

 

Tilbake