Dåp


Dåp


Gratulerer med barnet, og velkommen til dåp i Jondal kyrkje!

 

 

Når et barn vert boren til dåp, vert vi minna om at ingen kan bera seg sjølv. Gjennom dåpen vert vi del av ein fellesskap som strekjer seg over heile verda - og gjennom alle tider.

 

Vi er glade for alle som kjem til kyrkja og vil døype seg enten dei er unge eller gamle. Før sjølve dåpen kontaktar de kyrkjekontoret for å finna dato for dåp. Så vil presten ta kontakt med dykk for å avtala ein dåpssamtale der ein snakkar både om det praktiske og det innhaldsmessige i dåpen.

Nyttig informasjon finn du også på kyrkja.no sine heimesider.

 

Tidspunkt for dåpen:

Vi har ikkje dåp kvar søndag. På kalendaren finn du alle gudstenestene med informasjon om kva søndager vi har sett av til barnedåp. Ta gjerne tidleg kontakt med kyrkjekontoret.

 

Er du litt eldre eller konfirmant og ynskjer dåp kan du kontakta kyrkjekontoret og de vil då i felleskap finne ut korleis ein kan gjere det. 

 

Velg kalender