17.mai er ein dag mange feirar saman med familie og vener. Alle er difor ikkje heime i Jondal denne dagen, medan andre gjerne kjem til Jondal på besøk. For å få til kor på gudstenesta 17.mai, treng vi difor hjelp av deg som kan tenkje deg å vere med. Vi syng Andres Hovdens "Symra" som korsong vaksenkoret åleine, og vi syng to fine vårsongar saman med barnekoret. Vi øver 17.mai-kor første del av korøvinga i kyrkja tysdag 7.mai og tysdag 14.mai kl.19.30. Og, om du ikkje kan møte før på 17.mai, kan kantor sende deg notar og lydfil. Velkomne med i 17.mai-koret.