Pilegrimstur 2022 og 2023


Hjartans takk til alle dykk 11 som var med på pilegrimsturen torsdag 7.juli 2022. Og no ønskjer vi velkommen til ny Pilegrimstur torsdag 6.juli 2023. Velkommen til ein utruleg flott tur i storslagen vestlandsnatur.

 

Pilegrimsvegen Krossdalen- Reisæter, skrive 9.april 2021.

Biletlink til Pilegrimsturen 2022 kjem her (treng litt tid:). Og bilete er også lagt ut på https://www.facebook.com/jondalkyrkje 

Pilegrimsturen 2022, torsdag.7.juli, gjekk som planlagt. Regn og skoddevêr dagane før, men så fekk vi ein god turdag utan nedbør. Her er eit kort samandrag: Velkomst til tilreisande kl. 08.10 v/Spar, TIdebøner: Laudes Hardingarinden kl.09, Sekst Langedalshaugen kl.12, Non Reisete-eggi kl.15, Vesper Reisæter kl.18. Liturgar: Anne Karin Stormyr og Stig Magne Heitmann. Tekstlesarar: Liturgane + Liv Boge Galtung og SIw Anki Underhaug. Skyss: Kim, Else og Anne Karin opp til P-plass Skihuset, Else og Anna inn til Hardingarinden, Tide-buss Reisæter-Jondal ferjekai, Kim tok sjåførane opp til P-plass Skihuset, Harald skyssa Anna og Else inn til Hardingarinden (Botsvassvegen nedkøyrd grunna kraftutbygging) Vêret: Skodde halvt ned i fjellet, vi vandra ein del i skodde frå Stabergsdalen og til Brakastauren, etter det var vi under og vinden fekk også med drift i skodda. Ikkje nedbør på turen, til trass for skodde. Mykje snø, så vi fekk gå mykje på fenner. Skjortefonna var grei å passere, nedanfor øvste Kvillingahaug gjekk dei fleste nedanfor fonna, og Øykjavadet var dekka av snø, så vi måtte krysse elva ca 10m nedanfor- der vi hjalp kvarandre over. Dyreliv: Fuglesongen følgde oss både opp lia, over fjellet og ned til Reisæter, tre reinsbukkar såg på oss frå himmelsyn - og «bakmann» Anna - gjekk etter dei og fekk sett heile bukkeflokken på 5 dyr. På Reisete-eggi og nede ved Streif-steinenpå Reisæter kunne ein også høyre blokkfløytetonar, Tretur frå Sunnmøre som postludium etter Non, og Ned i vester som preludium til Vesper.

Generelt om turen:

Normal skyssorganisering ved den faste pilegrimsturen i juli er slik: Fellesskyss med privatbilar frå Jondal og opp turstart ved Hardingarinden, og returskyss med fellesbuss frå Reisæter ovanfor Nå der vi kjem ned frå pilegrimsturen.

Turen er ein krevjande dagstur, svart løype, lengde vel 14 km, bratt oppstiging frå ca 550 m.o.h. til ca 1400 m.o.h  og etter fjellplatået, følgjer bratt nedstiging frå ca 1200 m.o.h til ca 300 m.o.h. Bratt oppstiging og nedstiging fordrar at ein ikkje slit med balanse- eller større kneproblem. Deltakarane må vere vane med ulendt terreng, vere i normal "fjellform" og vere utrusta med gode fjellsko, gjerne gamasjar, ha vottar/ lue og ull- vind- og regntøy i sekken, samt godt med niste. For å gå turen, må ein i utgongspunktet vere i stand til å gå turen på eigne bein ved eiga hjelp. Ved turstart eller seinast oppe ved ura snur dei som ikkje bør gå turen vidare.

Pilegrimsvegen er merka med varding, men dersom nokon vil gå turen utan turleiar, bør dei vere godt trente, fjellvante, godt utstyrte og kunne orientere seg etter kart med kompass. Der er dårleg eller ingen mobildekning på fjellpaltået. Dette er høgfjell, der er vêrhardt, vêr og vind kan skifte, og skodda kan kome fort og bli liggande tett og lenge. 

 

*************

Tidlegare turar:

Pilegrimsturen 2021, 10.juli, hadde 10 deltakarar. Turen vart utsett nokre dagar grunna dårleg vêr, og følgjet vart difor ein del mindre enn opprinneleg både grunna vêr og pandemi. Biletlink kjem her.

2020 vart utsett til 2021:2020 vart spesielt både jamfør mykjes snø i høgfjellet tidleg på sommaren, og spesielt jamfør koronasituasjonen kring skulestart.. På grunn av snøforholda vart turen utsett frå 9.juli til søndag 23.august. Ved skulestart hadde koronasituasjonen endra seg, og vi velde difor også å utsetje frå 23.august til laurdag 5.september. Grunna dårlege vêrmeldingar 5/9, utsette vi den annonserte turen til 2021.

Pilegrimsturen 2019 hadde 9 deltakarar. Turleiar var Anne Karin Stormyr. Liturg var Stein Ove Skadal. Tekstlesarar var Astri Soldal, Reidun Gravdal og Sofie Flatebø. Vi starta med morgonbøn,Laudes, i Hardingarinden. Dei første timane, frå Hardingarinden og opp til Langedalshaugen gjekk vi i skodde, men heldigvis utan skodderegn. Oppe ved Langedalshaugen hadde vi ein matpause og middagsbøn, Sekst. Sokneprest Stein Ove Skadal var med på turen som liturg og god medhjelpar elles. Skodda letta litt etter litt, og lite snø gjorde at vi dette året gjekk på berget langs vardane på høgre sida av Langedalen opp mot Langedalstjørni. Det var veldig lite snø i fjellet, så ein del plassar der vi var vane med å få gå eller skri på snø, måtte vi no gå i ur og på berg. Å krysse utløpet til Langedalstjørni var første utfordringa som tok litt ekstra tid. Vanlegvis går vi berre ut på snø og over, no måtte vi klatre eit god stykke ned for å kome ned til snø"brua". Med så lite snø, blei turen mest som ny for dei som hadde gått her før på snørike somrar. Frå høgste varden innanfor Langedalstjørni og resten av turen hadde vi flott turvêr, sol og god sikt. Skoddehavet låg bak oss mot Jondal, og sjølve Folgefonna var skjult i mørk skodde. Vi såg litt spor etter rein og smale og mykje spor etter rype og smågnagarar. I løpet av turen letta 4-5 ryper langs vegen, og ein liten rypekjukling viste oss veg eit stykke oppover ovanfor Langedalen. Ved Høgstaleitet hadde vi ettermiddagspause med mat og tidebøna Non. Nedstiginga frå Eggi og ned til Reisæter gjekk fint for dei fleste, men lia er bratt og for nokon kom det vel med å ha ein god medvandrar som støttespelar. Fortroppen samlast til Vesper ved Streifsteinen på Reisæter, medan dei siste vart henta med buss heilt oppe ved leet. Så flott at det er tilrettelegt for å krysse elva med bru no, slik at alle som vil kan gå gamlevegen på"rette sida av elva" nedatt til bygda. Takk til alle som var med på pilegrimsturen 2019. Bilete frå turen vil bli samla og lagt ut via link her.

 

 

Tilbake