Jondal sokneråd 2019-2023


Jondal Sokneråd 2019-2023 vart eitt av åtte sokn i Ullensvang kyrkjelege fellesråd frå 1.1.2020, 

Anne Røymstad, soknerådsleiar frå desember 2020-

Cecilie Styrmo Stærnes, fast representant fellesrådet frå desember 2020-   

Åse Marit Jørgensen, nestleiar frå desember 2020-

Ingebjørg Grøtt, kasserar

Karin Gangdal, skrivar

Marit Hessvik, soknerådsmedlem

Geistleg representant frå 15.2.2021- delegert til vikarprest Arne Opsahl Engen

vara:

Kristine Gangdal

Anna Gagnon Skogseth

Asta Nøkland

Maria Eide Sørheim (frå desember 2020)

 

PROTOKOLLAR finn du her.

NB! Første året var Cecilie Styrmo Stærnes leiar, Anne Røymstad nestleiar og Tørres Mæland fellesrådsrepresentant. Tørres vart hausten 2020 tilsett som kyrkjeverje i Ullensvang kyrkjelege fellesråd og gjekk difor ut av Jondal Sokneråd. Ved ny konstituering, rykka Marit Hesvik opp som vanleg soknerådsmedlem og Maria Eide Sørheim kom inn som 4.vara. 

Gesitleg representant; Ut august 2020: sokneprest Stein Ove Skadal, 1.0.2020- 14.2.2021 prost Arild Hellesøy, 15.2.2021 - vikarprest Arne Opsahl Engen

************************

Er du ein av dei 3,7 millionane som er medlem i Den norske kyrkja? Da er stemma di viktig i Kyrkjevalet!

Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover. Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrka? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

Her kan du lese meir om kvifor di stemme tel i Kyrkjevalet 

Til soknerådsvalet 2019 i Jondal har en gjeng flotte medlemer sagt ja til å vere kandidatar til soknerådet og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. 

Her finn du lista over kandidatar til soknerådet i Jondal Sokn

Her kan du jå ein enkel og oversiktelig forklaring på kyrkjevalet som viser soknerådsval og bispedømerådsval. 

Her finn du kandidatlister til Bjørgvin Bispedømerådsval. Her finn du 3 lister: 1. Bønnelista, 2. Nominasjonskomiteens liste og 3. Open folkekyrkje si liste. 

Førehandstemming: I Jondal kan du førehandstemme til Soknerådsvalet og til Bispedømerådsvalet ved å møte på kyrkjekontoret på tysdagar kl. 10-13 i perioden 13.aug - 5. sept. 

På valdagen den 9.sept finn du flg. valgting i soknet. 

HERAND stemmekrets: 09.09.2019 kl. 13 - 19 , Herand Kulturhus, Herand

KYSNES stemmekrets: 09.09.2019, kl. 13 - 17, Kysnes Ungdomsshus, Kysnesstrand

JONDAL stemmekrets: 09.09.2019, kl 10 - 20, Jondal Bedehus, Jondal

Her finn du nyttig informasjon om valet 2019

Valkurs for representantar frå soknerådet.

Rettleiingar for ymse mågrupper

Valhandboka elektronisk

VELKOMEN TIL KYRKJEVAL - HUGS AT DI STEMME TELLER!

Valresultatet for soknerådsvalet i Jondal Sokn er klart.

Tilbake