Takk for nyreparert kyrkjeorgel og ferdigstilt brannsikring. Vel 60 personar møtte fram til ei fin markering av to godt gjennomførte og ferdigstilte prosjekt. I tillegg til konsertprogrammet var det også undervegs informasjon om prosjekta ved byggjeleiar Mangar Sollesnes, og ordførar Jon Larsgard kom med helsing og gratulasjon til kyrkjelyden. Og dei som ønska det, fekk omvising om brannsikringa og på orgelgalleriet. Ei tydeleg tilbakemelding frå alle, er at det ikkje er vanskeleg å høyre at noko har skjedd- positivt- med orgelet. Som ordføraren sa - .. eit gladare orgel. Tusen takk til alle.
Klikk her for konsertplakaten.