Bli med i ei syngande kyrkje. Neste salmekveld er tysdag 16.mars. Velkomen digitalt og også fysisk- om det er opna for opme arrangement igjen..
Hjarteleg velkomne til nye salmekveldar i jondalskyrkja i 2021. Det vil bli ca 1 salmekveld i månaden. Salmekveldane vil gjerne ha ein salmegjest eller eit tema, og vi blir gjerne litt betre kjend med ein salmediktar eller ein komponist. Salmekveldane varer i ca.40 minuttar. Velkomen på direkte streama salmekveldar via https://jondalkyrkje.vossaskyen.no/

Sjå plakat på plakattavla.
Vi oppmodar til å ta fram salmeboka og synge eller lese heime, generelt, etter tema eller kyrkjeårstid, eller salmar vi har sunge på tidlegare salmekveldar. Salmane for tysdag står på plakaten. Program frå tidlegare salmetimar finn de nedst i artikkelen. Salmekvelden frå 9.juni fann du her til 30.juni.
Salmekvelden frå 7.juli vert lagt her når det er redigert som video.
Syng i kyrkje og i heim. Våren 2020 var det tenkt 1 salmekveld i månaden i Jondal kyrkje. Salmekveld tysdag 24.mars vart no avlyst grunna Korona. Salmekvelden for april og mai vart som video-opptak, Salmekveldane vidare har vore & vert arrangert etter til ei kvar tid gjeldande smittevernreglar.
Vi legg opp til salmekveldar der kantor har 3-4 temasalmar i byrjinga og salmegjest(ar) bestemmer resten av salmane.
Dersom enkeltpersonar eller ulike grupper kan tenkje seg å vere aktivt med som formidlar(ar), musikar(ar) eller songar(ar) på ein eller fleire av salmekveldane, er det flott om de kontaktar kantor. Hjarteleg velkomne med på salmekveldane anten som kyrkjelyd eller som medverkande.
Vil du synge litt medan du ventar på neste salmekveld, finn du programmet frå første salmekvelden her.
Sjå oppdatert plakat på plakattavla, Info for Jondal sokn.
2019.11.19 Salmebokjubileum, kåseri
2019.07.03 Sommar, Olsok, Sande
2019.06.20 Pinse, Jonsok, Brun
2019.05.08 Påske, årstider, Bell
2019.04.03 Faste, pasjon, påske, Bjerkreim
2018.06.13 Henning Sommerro, Treeinings- og Jonsoktid & Ønskjesalmen
2018.05.23 Edvard Hoem, Vår & Sommar.
2018.04.11 Påskesalmane
2018,03.14 Litt faste, pasjon, påske & Petter Dass
2018.02.14 Fastetid og Anders Hovden
2018.01.17 Openberringstid & Elias Blix
2017.11.15 Luther Salmesong
Lukke til.
Og, dersom de ønskjer reprise på nokon av programma ovanfor, tek de kontakt med kantor. Så kan vi finne ny tid for programmet anten på galleriet eller i framme ved kordøra.