Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


JU - Jondal Ungdomskor


Velkommen i JU (= Jondal Ungdomskor) som består av konfirmantane i konfirmantkoret og den faste ungdomsgruppa. Kontakt Anne Karin og bli med i JUgruppa. 

I 2026 ønskjer JU velkomen til

a) Konfirmantkoret som er obligatorisk for konfirmantkullet 2025/2026, og som øver fram mot Ljosmessa, kyrkjespelet og konfirmasjonsgudstenesta pluss liturgi og songar i samband med vanlege gudstenester.  Prosjektkontingent kr.50,- pr. songar pr.semester.

b)Den faste ungdumsgruppa, JU.  Denne gruppa har no vore i sving igjen sidan hausten 2025.  Bli gjerne med du også, og så byggjer vi ei fin ungdomskorgruppe.   Øvingstid & dag vert fastsett i møte med dei påmelde ungdomane. I vår øver vi stort sett på torsdagettermiddag, stundom frå kl.15.30, stundom frå kl.16 og stundom frå kl.16.45- Tidspunktet kjem an på om det er konfirmantsamling og andakt same dag eller ikkje. JU er ei korgruppe av ungdomskorsongarar frå 13 år og opp. Vil de fleire ting, er vi opne for forslag og initiativ.  Flott om du vil vere med. Den faste gruppa som har jamne øvingar, betaler kontingenten kr.200 pr semester.

Både ungdomsgruppa JU og konfirmantkoret er korgrupper under Jondal Ungdomskor.

Mvh JU v/Anne Karin

Vedtekter  

Årsmøtereferat 2026 kjem her

Årsmelding 2025 kjem her

Tilbake