TÅRNAGENTHELG


Tårnagenthelga 2022 var for 2-3.klasse 19-20.februar i Jondal kyrkje. Takk til tårnagentane og prestevikar Marna Roer for fin deltaking ved gudstenesta 20/2.

 

 

Vi inviterer til ny Tårnagent-helg i slutten av januar/ byrjinga av februar 2023. Invitasjonsbrev til samlinga vert lagt her - og også utsendt pr. post etter neste nyttår.

19-20.februar 2022 inviterte vi alle i 2-3.klasse til Tårnagenthelg i Jondal kyrkje.

Prestevikar Marna Roer møtte tårnagentane til treff laurdag 19.februar kl.09.30-12.30 i Jondal kyrkje. Dei samlast kring bibel og salmebok, bibelforteljingar, teikning, leik og  godt med mat. Soknerådsleiar Anne laga god suppe.

Og søndag 20/2 var tårnagentane med som medhjelparar (medliturgar) under Tårnagent-gudstenesta. Dei var med i inngongsprosesjonen, var forsongarar til "Du kalla oss til kyrkja", gjorde Kyrie & Gloria med song og rørsler kring altarringen, hadde laga fiskar til garnet på altarringen, vart intervjua under gudstenesta og var med på bønevandring med meir.

4 jenter frå Solstråla medverka med fin korsong: EIn mann vil bygge hus, Alt det du vil, Du lyser din fred og Spill din glede.

Invitasjonsbrevet for 2022, sjå her. Spørsmål kan rettast til kyrkjekontoret 53650900, og påmelding kan sendast til anne.karin.stormyr@ullensvang.kyrkjer.no  

Takk til Tårnagentane 2022

 

 

 

 

 

 

 

Invitasjonsbrevet 2021 finn du her. 

 

Tilbake