Referat frå 2024:
8 TårnAgentar og 9 LysVaken deltok på trusopplæringshelga i Jondal sokn 27-28.januar-24. (Sjå mange bilete under teksten)
TårnAgentane og LysVaken hadde samlingar i Jondal kyrkje laurdag 27.januar. Og på gudstenesta 28.januar deltok dei mellom anna med inngongsprosesjon, TårnAgentsong, drama på Kyrie og Gloria (TårnAgentane og Solstråla), tekstlesing under dåp, andre tekstlesing under dåpen som korsong- motetten La de små barn komme til meg (Kristian Hernes) framført av alle LysVaken, TårnAgentane og Solstråla, assistent for klokkar under dåpshandling, evangelieprosesjon, forbøn, bønevandring og LysVakensong.
TårnAgentane møtte laurdagen kl.09 i kyrkja til agentaktivitetar og agentleik. Ved ankomst vart alle registrerte med eige agentbevis (ID) og passord. Heile kyrkja var under utforsking, alt frå kapell, kyrkjeskip og kyrkjekor, galleri og orgelhus, til kyrkjetårnet og kyrkjeklokkene. Innimellom øvde vi også på TårnAgentsongen. Og Agentsamlinga laurdag vart avslutta med pizzalunsj.
TårnAgentane i Jondal sokn 2024, etter gudstenestefeiringa:
LysVaken møtte i kyrkja kl.18 på laurdagskvelden. Dei parkerte soveposar og anna bagasje i dei bakerste benkane ved ankomst. Så var det ymse Bli kjent med kvarandre - og Bli kjent i kyrkja- aktivitetar, leikar, kveldsmat med pizza på langbordet under galleriet, karse- og samtale, gudstenesteverkstad, fruktstasjon, mørkegjømsel (alle hadde LysVakenTskjorter, lykter og englerefleksar), kveldssamling inne i altarringen og til sist overnatting i framme i kyrkjeskipet. Vikarpresten vår og ein pappa var delvis sovande nattevakter, og nokon var vakande brannvakter på skift. Kyrkja i Jondal er eit gamalt hus frå 1888- og når det er ruskevêr ute, kan det knirke og knake, men kyrkja står, og LysVaken kunne sove trygt.
Søndagen vart LysVaken vekka av orgelmusikk- J.S.Bachs Toccata i d-moll. På kyrkjelydskontoret venta ei mor med god frokost. Og etter frokost rydda vi og gjorde klart til gudsteneste. Og det vart tid til ein siste gjennomgong av oppgåvene dei hadde i gudstenesta.
Så ringte klokkene til samling- og TårnAgentane og LysVaken feira ei fin og levande gudsteneste saman alle som var i kyrkjelyden den dagen. Også barnekoret Solstråla deltok på gudstenesta og der var 2 dåpsborn med fylgje. Så fint å få feire gudsteneste mange saman, og med så mange unge medliturgar som tok så mangfaldig del i gudstenesta.
Stor takk til alle TårnAgentar, LysVaken og Soltråla, stor takk til jondalsstaben for gjennomføringa av ei fin trusopplæringshelg og stor takk til dykk foreldre som kom med borna dykkar og som så villig stilte opp som vakter både dag og natt.
LysVaken i Jondal sokn 2024, etter gudstenestefeiringa:
LysVaken2 etter gudstenesta:
LysVaken gitarist:
Høgt under tak og engel:
Karsefrø og samtale:
Kveldssamling1 i altarringen:
Kveldssamling2 i altarringen:
1,2,3- raudt lys1:
1,2,3- raudt lys2:
LysVaken liten bamsekvil:
LysVaken mørkegjømsel:
LysVaken preikestol1
LysVaken preikestol2:
LysVaken har passert kl.23.00- og går mot midtnatt:
Sovande LysVaken? kl. 06.15 søndagsmorgon:
LysVakne tekstlesarar:
No vonar vi mange vil vere med på neste TårnAgent- og LysVakenhelg som truleg blir sist i januar 2025. De som då går i 2.-3.klasse er hjarteleg velkomne som TårnAgentar og de som då går i 5.-6.klasse er hjarteleg velkomne på LysVaken.
******************
Invitasjonsbrev LysVaken 27-28.januar. Tidsplan for LysVaken 27-28.januar. Hei til dykk som blir med på LysVaken. Vi gleder oss til å møte dykk. Hjarteleg velkomne på LysVaken-helg. Vi møtest i kyrkja laurdagen kl.18.00 i kyrkja til ulike aktivitetar, gudstenesteverkstad, mat og overnatting. Søndagsmorgonen har vi felles frokost og øver og leikar saman først, og så er med på LysVaken- og TårnAgent-gudstenesta på søndag. Beste helsing Arne og Anne Karin
Invitasjonsbrev TårnAgent 27-28.januar. Tidsplan TårnAgent 27.-28.januar. Hei til dykk som blir med på TårnAgent. Vi gleder oss til å møte dykk. Hjarteleg velkomne på TårnAgent-helg. Vi møtest kl.09.00 på laurdag i kyrkja, med lunsj som avslutning, slik det står i påmeldingsslippen, og vi er med på LysVaken- og TårnAgent-gudstenesta på søndag. Beste helsing Arne og Anne Karin
Kort referat 2023: Vi hadde felles TårnAgent og LysVaken-helg 28-29.januar 2023 utan overnatting. Laurdag kl.09-11: TårnAgent. kl.11-11.30: Felles-lunsj LysVaken kl.11.30-13.30
Frå arkiv 2022
NB! Vi forenkla Lysvakenhelga 5-6.februar til ei samling laurdag 5/2 kl.19-21 og med frammøte igjen søndag kl.10 ( Grunna smittetrykket gjekk overnattingsbiten ut denne gongen. Når de les invitasjonsbrevet, tek de med denne endringa) Invitasjonsbrevet for LysVaken 5-6.februar. Påmelding var innan 1.februar. Arne Opsahl Engen er hovudansvarleg for LysVaken samlinga i år.
Alle i 5., 6. og 7.klasse er invitert til å vere med på LysVaken i kyrkja. Det blir ei hyggeleg og sosial samling med variergram med gudstenesteverkstad, pizza, leik, sosialt samver, overnatting og gudsteneste.
Her er bilete frå LysVaken 4-5.februar-17:
Øving til drama om den lamme mannen:
LysVaken-gjengen, i mål med gudsteneste-verkstad - klar for stafett og snapp
Gudsteneste i Jondal kyrkje. LysVaken gjer teneste som kor og med-liturgar,
Dei går inn i prosesjon til tonar frå J.S.Bachs toccata i d-moll, og er forsongarar på første salmen- N13 557 Du kalla oss til kyrkja.
Så presenterte dei seg med å synge LysVaken-songen. Dei var også med rundt altarringen med rørsler til Kyrie og Gloria. Medan kyrkjelyden song N13 989- Søk først Guds rike- gjekk evangelieprosesjonen ned til midten av kyrkjeskipet.
Der vart evangelieteksten frå Markus 2, om den lamme mannen, lesen.
Litt seinare dramatiserte LysVaken-gjengen forteljinga om den lamme mannen. Her tek venene den lamme med seg fram mot eit hus der Jesus talar til ei stor folkemengd. Dei håper Jesus kan gjere den lamme frisk.
Då dei kjem fram, ser dei at det er så fullt av folk at dei ikkje har sjanse til å kome fram til Jesus. Men dei kjem på noko lurt.
Dei tek mannen med seg på taket, lagar hol i taket og firer den lamme venen sin ned rett framføre Jesus.
Jesus seier: Son, syndene dine er tilgjevne.
Folkemengda: Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn ein- det er Gud?
Jesus: Kvifor går de med slike tankar i hjartet? Kva er lettast å seie til den lamme: Syndene dine er tilgjevne- eller: ”Stå opp, ta båra di og gå? Men for at de kal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder- (vendt til den lamme mannen) – så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim.
Og mannen reiser seg, takkar Jesus, tek båra si og går heim saman med venene sine
Folkemengda: Noko slikt har vi aldri sett.
Går du i 5-6.klasse til hausten? Vil du bli med på LysVaken i november 2020? Info om påmelding kjem.
Alle i målgruppa får invitasjon. Har du spørsmål, ring kyrkjelydskontoret på 53650900