Pilegrimstur 2020


23.august 2020. Bli med på ein utruleg flott tur i storslagen vestlandsnatur.

 

Dette året er spesielt både jamfør mykjes snø i høgfjellet og jamfør koronasituasjonen. På grunn av snøforholda er turen utsett frå 9.juli til søndag 23.august.

Og på grunn av koronasituasjonen vert det ikkje lagt opp til fellesskyss, men ein ber deltakarane om å organiserer seg sjølve med skyss frå Jondal og opp turstart ved Hardingarinden, og at deltakarane også tek ansvar for eigen skyss på retur frå Reisæter ovanfor Nå der vi kjem ned frå pilegrimsturen.

Turen er ein krevjande dagstur, svart løype, lengde vel 14 km, bratt oppstiging frå ca 550 m.o.h. til ca 1400 m.o.h  og etter fjellplatået, følgjer bratt nedstiging frå ca 1200 m.o.h til ca 300 m.o.h. Bratt oppstiging og nedstiging fordrar at ein ikkje slit med balanse- eller større kneproblem. Deltakarane må vere vane med ulendt terreng, vere i normal "fjellform" og vere utrusta med gode fjellsko, gjerne gamasjar, ha vottar/ lue og ull- vind- og regntøy i sekken, samt godt med niste. For å gå turen, må ein i utgongspunktet vere i stand til å gå turen på eigne bein ved eiga hjelp. Ved turstart eller seinast oppe ved ura snur dei som ikkje bør gå turen vidare.

Pilegrimsvegen er merka med varding, men dersom nokon vil gå turen utan turleiar, bør dei vere godt trente, fjellvante, godt utstyrte og kunne orientere seg etter kart med kompass. Der er dårleg eller ingen mobildekning på fjellpaltået. Dette er høgfjell, der er vêrhardt, vêr og vind kan skifte, og skodda kan kome fort og bli liggande tett og lenge. 

Pilegrimsturen 2019 hadde 9 deltakarar. Turleiar var Anne Karin Stormyr. Liturg var Stein Ove Skadal. Tekstlesarar var Astri Soldal, Reidun Gravdal og Sofie Flatebø. Vi starta med morgonbøn,Laudes, i Hardingarinden. Dei første timane, frå Hardingarinden og opp til Langedalshaugen gjekk vi i skodde, men heldigvis utan skodderegn. Oppe ved Langedalshaugen hadde vi ein matpause og middagsbøn, Sekst. Sokneprest Stein Ove Skadal var med på turen som liturg og god medhjelpar elles. Skodda letta litt etter litt, og lite snø gjorde at vi dette året gjekk på berget langs vardane på høgre sida av Langedalen opp mot Langedalstjørni. Det var veldig lite snø i fjellet, så ein del plassar der vi var vane med å få gå eller skri på snø, måtte vi no gå i ur og på berg. Å krysse utløpet til Langedalstjørni var første utfordringa som tok litt ekstra tid. Vanlegvis går vi berre ut på snø og over, no måtte vi klatre eit god stykke ned for å kome ned til snø"brua". Med så lite snø, blei turen mest som ny for dei som hadde gått her før på snørike somrar. Frå høgste varden innanfor Langedalstjørni og resten av turen hadde vi flott turvêr, sol og god sikt. Skoddehavet låg bak oss mot Jondal, og sjølve Folgefonna var skjult i mørk skodde. Vi såg litt spor etter rein og smale og mykje spor etter rype og smågnagarar. I løpet av turen letta 4-5 ryper langs vegen, og ein liten rypekjukling viste oss veg eit stykke oppover ovanfor Langedalen. Ved Høgstaleitet hadde vi ettermiddagspause med mat og tidebøna Non. Nedstiginga frå Eggi og ned til Reisæter gjekk fint for dei fleste, men lia er bratt og for nokon kom det vel med å ha ein god medvandrar som støttespelar. Fortroppen samlast til Vesper ved Streifsteinen på Reisæter, medan dei siste vart henta med buss heilt oppe ved leet. Så flott at det er tilrettelegt for å krysse elva med bru no, slik at alle som vil kan gå gamlevegen på"rette sida av elva" nedatt til bygda. Takk til alle som var med på pilegrimsturen 2019. Bilete frå turen vil bli samla og lagt ut via link her.

 

 

Tilbake