Vigsel
Velkommen til vigsel i Jondal kyrkje.
De er velkomne til å ta kontakt med prest eller kyrkjelydskontor om de har spørsmål om vigsel.
Kyrkjelydskontoret har adresse post@ullensvang.kyrkjer.no, og elles finn de kontaktinfo på fellesrådssida ullensvang.kyrkjer.no
Avtale om vigsel sommarstid må avtalast i god tid.
På denne linken; Litt om vigsel i Jondal kyrkje, finn de link til vigselsliturgien 2017, litt om musikkval, pynting, plassering av brurepar og forloverar framme i jondalskyrkja, når står og sit vi ? , med meir.
På heimesida http://kyrkja.no/nb-NO/bryllup/ vil de også finna generell informasjon.
Når det gjeld naudsynte papir som må ordnast, er det Folkeregisteret/Skattekontoret som må kontaktast.
Folkeregisteret/Skattekontoret tek seg av prøvingsattest.
Kvar av brurfolka og forlovarane må skriva under kvar sitt skjema, og senda til Folkeregisteret i god tid før vigselen. På bakgrunn av desse vert det utskreve ein prøvingsattest. Den er gyldig i 4 månader, og skal vera kyrkjekontoret i hende seinast 14 dagar før vigselen.
Skjema finn de på www.skatteetaten.no
Bur du utanfor kommunen
Ordninga i Den Norske Kyrkja er slik at du som medlem i kyrkja vederlagsfritt har krav på alle kyrkjelege tenester på den staden der du er busett. Stillingsstorleikar og ressursar er fordelt etter mellom anna folketal.
Ynskjer du t.d. vigsel i Jondal sokn utan å vere busett her må du difor betala ekstrakostnadane med dette.
Satsane er kanskje endra etter 1.1.2020 og vil etterkvart kunne finnast på Ullensvang kyrkjelege fellesråd sine nettsider.
Satsane for dette i Jondal sokn var inntil 31.12.2019 som nedanfor:
Leige av kyrkje inkl. kyrkjetenar, organist, reinhald, forbruksmatriell og oppvarming kr. 4500,-
Presten sine tenester for ein vigsel kr 3.500,-
Jondal sokneråd har gjort unntak for dei kyrkjemedlemmene som har foreldre fast busett i soknet på det tidspunktet vigselen finn stad.
OBS: Unntaket gjeld ikkje prestens teneste siden prestane er tilsette i prostiet/bispedømet og ikkje lokalt.
Beløpet for presteteneste vert p.t. fakturert av bispedømet med kr 3 500,-
Sjå elles Ullensvang kyrkjelege fellesråd sitt regelverk