Vil du bli orgelelev eller har du lyst til å synge i kor til hausten?
No har vi fått 3 orgelelevar påmeldt til hausten. Om du ønkjer å stå på venteliste, melder du deg på snarast, så vert du av dei første som få tilbod, dersom det vert ledige plassar. Påmeldinga sender du til kantor Anne Karin. Sjå meir info om tilboda og om påmelding nedanfor ved å klikke på "les meir".
Orgelundervising i Jondal Dei 3 første plassane som orgelelevar i Jondal kyrkje er fullteikna. Men, meld deg på, slik at du vert av dei første som får tilbod og undervising, dersom det opnar seg for fleire elevar. Påmeldingsfrist snarast.
Barne- og ungdomskortilbod i Jondal neste skuleår er Barnekoret Solstråla som har 3 gruppertilbod, kl.1, kl.2-4 og kl.5-7, og Jondal Ungdomskor som er for 8-10kl og evt. vg1-3. Velkomen til å byrje i ei av korgruppene til Solstråla eller Jondal Ungdomskor. Påmeldingsfrist innan fredag 1.mai.
Vaksne som vil synge i kyrkjekor er hjarteleg velkomne i Jondal Grendakor, som øver tysdagar 19.30-21.30. For alle i Ullensvang; har du lyst til å vere litt med i eit prosjekt-kyrkjekor i Ullensvang, ta gjerne kontakt med Anne Karin. Og så vert du med på kontaktlista vår og får tilbod om å vere med på ulike gudstenesteprosjekt med meir.