Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Sommarkonsertar 2026


Velkomne  til sommarkonserten "Om kvelden" med Oda Marita og Maria 14.juli kl.20. Og velkomne til  "Ein roleg, improvisert sommarkonsert" med Arild og Stewart 28.juli kl.20. 

 

Tysdag 14.juli inviterer vi til konserten "OM KVELDEN" ved sopran Oda Marita Netteland Norevik og pianist Maaria Pukkala inviterer til ein stemningsfull konsert med nordiske songar av Jean Sibelius, Edvard Grieg, Gunnar de Frumerie og Ture Rangström.

Gjennom songar om kjærleik, natur, lengsel og dei flyktige augneblinkane i livet utforskar duoen den nordiske romansetradisjonen. Programmet spenner frå det lyse, vare og intime til det mørke og lidenskapelege, med naturen som spegel for menneskelege kjensler, minne og sakn.

Tysdag 28.juli vert det ein roleg, improvisert sommarkonsert i jondal kyrkje ved musikarane Arild B.Nielsen, diverse blåseinstrument, og Stewart Barry, kontrabass. 

Takk kulturskuleeleven Christian Midtun for flott medverknad med Griegs Morgenstemning ved sommarkonsertane 16/6 og 21/6, og takk til kulturskuleeleven Kristian Johnson Ness for flott medverknad med Bachs Toccata i d-moll ved sommarkonserten 7/7.

Tilbake