Maria Bodskapsdag, 23.mars kl.11.00, er det Visitasgudsteneste i Jondal kyrkje for alle dei 8 sokna i Ullensvang. Bli med felleskoret saman med songarar frå storstaben og frå Jondal Grendakor. Kontakt Anne Karin91394982 om du vil bli med i felleskoret.

Biskop i Bjørgvin, Ragnhild Jepsen, er på bispevisitas i Ullensvang frå måndag 17mars- 23.mars. Visitasen vert avslutta med Visitasgudsteneste i Jondal kyrkje søndag 23.mars. Og etter gudstenesta er alle hjarteleg velkomne til kyrkjekaffe og biskopens visitasføredrag i Idrettshallen på Jondal skule. For info elles om gudstenesta, sjå plakat og kalenderoppføring.