Solstråla og Øystese barnekor møttest til Ung Kyrkjesong sitt hausttreff for barnekor i Jondal kyrkje 19.oktober-24
Takk for eit fint barnekortreff for Ung Kirkesang i Jondal laurdag 19.oktober. Takk til Øystese barnekor og til barnekoret Solstråla for fin deltaking.
Vi møttest i Jondal kyrkje kl.12.30 til fellesøving, der vi øvde saman på fellesnumra til konserten. Fellessongar var Hovlands "Nå har Sakkeus fått en venn" og "Slik som min Fader sendte meg". Vi song Kyrie & Gloria rundt altarringen og sa fram nokre av Jesu ord om seg sjølv: "Eg er vegen, sanninga og livet" & "Eg er lyset i verda". Så vi leika oss ned att i kyrkjerommet med "Eg gir deg mi hand, så gir du meg di" og "Django". Og vi hadde nokre bli-kjent leikar, før det vanka frukt og drikke rundt fellesbordet under galleriet. Så hadde vi litt meir fellesøving også med Hernes' La de små barn, Holgersenes "Herren er Gud" og songdansen "Bonse aba" frå Zambia, før korgruppene fekk litt tid til å øve på sine eigne songar til konserten. Før ein god pause og konsert, hadde vi pizzafest under galleriet. Og på konserten fekk vi godt med tilhøyrarar både frå kyrkjelyden, frå andre sida av fjorden og også 5-6.klassingane som skulle vere med på LysVaken og overnatting i kyrkja. Kjekt å høyre kora både med felles korsong, med sine eigne korsongar og som aktive i god allsong.
Eit fint hausttreff med korsong i kyrkja, ljos og fellesskap i fokus.
Sjå konsertprogram her.
(Tekst og bilde: Anne Karin Stormyr)