Takk til stab og storband for ei fin jazzmesse i Jondal kyrkje søndag 11.februar-24. På denne første jazzmessa i Jondal, var Hardanger Big Band med som musikarar og med seg hadde dei vokalisten sin, Anne Cathrine Eiken.
Kva er ei jazzmesse? Nokon lurer kanskje litt på det? Jo, det er ei heilt vanleg gudsteneste, men likevel kanskje litt uvanleg? Gudstenesta vart feira med same liturgi som vanleg, men musikken i gudstenesta vart gjennomført med akkompagnement i jazzstil (som kan vere alt frå jazzy gospel og blues til funk og mange fasettar innimellom). Denne gongen vart til dømes Almighty God frå Duke Ellingtons Sacred concert sunge som Kyrie og Praise God frå same verk vart sunge som Gloria.
Og sidan vi var så heldige å ha med oss Hardanger Big Band som dagens "kyrkjeorgel", var det dei, under leiing av dirigent Arild B.Nielsen, som spela gjennom heile gudstenesta både preludium, postludium, salmar og det vi song av liturgisk musikk denne gongen.
Meir detaljinfo og plakat for gudstenesta finn du på kalender.
Om eit år vonar vi å kunne be dykk inn til ei ny jazzmesse. Og med litt lengre førebuing får vi med både meir kyrkjelydssong og fleire korsongarar på neste jazzmesse. Velkomne igjen.