Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Om gravplass i Jondal sokn


Vedtekter for gravplassane i Ullensvang vart vedtekne av kyrkjeleg fellesnemnd 4/6-19 og godkjent av Bjørgvin bispedømeråd 26/6-19. Desse vedtektene skal vere å finne på www.ullensvang.kyrkjer.no . I Jondal har me 2 gravplassar, Herand gravplass og Jondal kyrkjegard. Gravferdslova gjev alle rett til fri gravferd i soknet dei høyrer til. 

Om feste
Alle graver har ein festar, det vil seia ein person som står som ansvarleg eigar, kontaktperson. 
Festar ser til at gravminnet står støtt, og har ansvar for vedlikehald om det trengst.

Lokal fredingstid for gravene i Jondal er 25 år. Me reknar alle 25 åra for frigrav-periode, altså utan avgift.

Etter dei 25 åra kan ein forlengja festeperioden med 5 år om gongen. Dette vil de få brev om frå kyrkjekontoret. Om de ikkje ynskjer å forlenga festet, vert grava gjort historisk, og sletta. Gravminnet er festar sin eigedom. Om gravminne på sletta grav ikkje er henta innan 6 månader tilfell gravminnet gravplassforvaltinga, som syter for destruering. Festar vil uansett verta kontakta før gravminne vert fjerna. 

Når grava er 60 år må det sendast særskilt søknad om ein ynskjer forlenging av festet. Det er då opp til gravplassforvaltinga å innvilga ekstra feste for 5 år om gongen. 

 

Stell av grav

Det er mogleg å tinga stell-avtale for gravene. Ta kontakt med kyrkjeverja for avtale om årleg stell mot avgift. Det er og mogleg å laga eit legat, der ein betalar inn eit større beløp som skal dekkja stell i fleire år. 

 

Pris

Feste: kr 200 / år fram til 1.1.2020 - for nye satsar f.o.m. 1.1.2020, kontakt UKF

Gravstell pr. 2020: kr 1400,- / år  for sommarstell, gjødsling, luking, vatning   og kr.300,- for mosekrans

Utanbygds gravferd: Dette gjeld om avdøde var busett utanfor Jondal Sokn. Fram til 1.1.2020 var denne satsen kr.8000,- , for noverande sats kontakt UKF

Ta kontakt med kyrkjeverja i Ullensvang for meir informasjon, gjerne via mail til post@ullensvang.kyrkjer.no.

 

Tilbake