Jondal sokn > Artikler > Artikkeldetaljer


Når ein av dine næraste går bort


Ullensvang kyrkjelege fellesråd syter for at kyrkjegardane i Ullensvang kommune vert forvalta og drifta etter føreskriftene i Gravferdslova. Som ansvarleg gravferdsforvaltar yter dei tenester til alle innbyggjarane i kommunen - uavhengig av tru, livssyn eller kulturell bakgrunn. 

 

NÅR EiN AV DINE NÆRASTE GÅR BORT

Det er viktig at dei pårørande tek stilling til kven som formelt skal vere ansvarleg for gravferda. Dersom ikkje avdøde sjølv har bestemt gravferdsseremoni, må den som står ansvarleg bestemme. 

 

PLANLEGGJING AV GRAVFERD I KYRKJA skjer etter Den norske kyrkja si ordning. Planleggjinga skjer saman med sokneprest, ansvarlig for gravferda og eventuelt gravferdsbyrå. Jamfør musikk i seremonien, ta direkte kontakt med kantor eller be om å bli kontakta av kantor.

KONTAKT OG INFORMASJON VEDRØRANDE GRAVFERDSSEREMONI I JONDAL SOKN

 

KISTEGRAVFERD ELLER KREMASJON?

UKF legg til rette for både kistegraver og urnegraver. Avhengig av avdøde sitt ønskje, må pårørende avgjere om det skal være kistegravferd eller kremasjon med påfølgjande urnenedsettjing.

 

FESTE AV GRAV

I samband med kistegravferd der det vert valgt ny grav, er det mogeleg å reservere plass ved siden av den som vert gravlagd.Dette kallast festegrav. Festeavgifta vert betalt for reservert grav frå første gravleggjing. Desse utgjer då ein gravstad. Kun éin person kan stå som festar av ein gravstad. Ny grav er fri i fredingstida, som er 20 år både for kistegraver og urnegraver. Festeavgift vert betalt etter fredingstida, dersom pårørande ønskjer å ha grava vidare.

 

 

Kontortelefon Ullensvang kyrkjelege fellesråd: 53650900

Sokneprest (vikarprest) Arne Opsahl Engen tlf 91394982

Kantor (kyrkjemusikar) Anne Karin Stormyr: tlf 91 39 49 82 

Vikevollen (pleie- og omsorgstenesta): tlf  53 67 53 00 

Hardanger lensmannskontor, Vest politidistrikt:  tlf 53 65 15 00

Transport av båre: gravferdsbyrå eller privat.

Gravferdsbyrå:
Hardanger & Kvinnherad Gravferdsbyrå, Tørvikbygd/Åsane: 56 55 82 90  /  95 22 47 33 
Odda begravelsesbyrå, Digranes blomster, tlf 53 64 21 50

Herand Bedehus v/ Berit Tuvin tlf  53 66 81 07 

Tilbake

Tilbake