Bilete frå pilegrimsturen 2005, laurdag 27.august-05Foto: A.K.Stormyr
Pilegrimar ved Langedalshaugen. Rett etter middagsbøna fekk vi eitlite glimt av sol over Krossdalen.Så kom snøbyga. Over fjellet var veret nokolunde, men då vi nærma oss Bleie-elva og Reisæterskardet, kom snøen på nytt.
Varde og pilegrimslogo i nysnø-ved Reisæterskardet
Pilegrimar på veg ned lia. Regnboge over Sørfjorden.
Lær meg, Herre, din veg! Eg vil ferdast i di sanning.(Salme 86,11a)
Midtvegs nede i lia, non og rastepause. På grunn av snøver oppe på fjellet hadde vi utsett ettermiddagsbøna.
Reisæterlia.Vi ser skredløpet der snøskreda går kvar vinter.
Pilegrimane vel nede frå Reisæterlia etter ein røff, men flott tur over fjellet.