Olav Øgaards minnefond for unge kyrkjemusikarar, kontonr. 1503.58.57114,
vart oppretta våren 2015. Dersom du ønskjer å hjelpe unge fram mot ei teneste som kyrkjemusikarar, må du gjerne gi din stønad til dette minnefondet.
Olav Øgaard var ein flott inspirator for mange, både i si over 50 år lange teneste som kantor i Slettebakken, innan kor- og kyrkjemusikalsk arbeid, i organisasjonsarbeid og ikkje minst som medmenneske.