Kyrkjeval: Jondal sokneråd 2023-2027


Takk til dykk som stemte ved kyrkjevalet i 2023.

Mange takka ja til å vere kandidatar til soknerådet og å vere med og leie kyrkjelyden dei fire neste åra. 

 

 

 

JONDAL SOKNERÅD 2023-2027, valresultat etter kyrkjevalet 11.september 2023

 

Når du stemmer, gir du ein tommel opp til den lokale kyrkjelyden din, og du er med på å bestemme kven som skal leie den framover. Korleis hadde lokalsamfunnet vårt sett ut utan kyrka? Korleis ville landet vårt vore utan ei folkekyrkje? Kyrkja er til stades over alt i Noreg. Den tek del i kvardagsliva våre og ved større og mindre hendingar i livet. I sorga og festen, i trøysta, songen, leiken og gleda. Kyrkja er open for alle, frå vogge til grav. Kyrkja har rom for deg! 

 

Førehandsrøysting: Fristen for digital førehandsrøysting var 6.september-23, kl.15.00

Kyrkjevalet i Jondal sokn var måndag 11.09.2023, kl 10 - 20, på Jondal bibliotek ved Jondal skule

Neste kyrkjeval vert hausten 2027.

 

SOKNERÅDSPROTOKOLLAR finn du her.

 

Før nytt kyrkjeår, vil det nye soknerådet avløyse noverande sokneråd.

Jondal sokneråd 2019-2023:

Jondal Sokneråd 2019-2023 vart eitt av åtte sokn i Ullensvang kyrkjelege fellesråd frå 1.1.2020, 

Anne Røymstad, soknerådsleiar frå desember 2020-

Cecilie Styrmo Stærnes, fast representant fellesrådet frå desember 2020-   

Åse Marit Jørgensen, nestleiar frå desember 2020-

Ingebjørg Grøtt, kasserar

Karin Gangdal, skrivar

Marit Hessvik, soknerådsmedlem

Geistleg representant frå 15.2.2021- delegert til vikarprest Arne Opsahl Engen

vara:

Kristine Gangdal

Anna Gagnon Skogseth

Asta Nøkland

Maria Eide Sørheim (frå desember 2020)

NB! Første året var Cecilie Styrmo Stærnes leiar, Anne Røymstad nestleiar og Tørres Mæland fellesrådsrepresentant. Tørres vart hausten 2020 tilsett som kyrkjeverje i Ullensvang kyrkjelege fellesråd og gjekk difor ut av Jondal Sokneråd. Ved ny konstituering, rykka Marit Hesvik opp som vanleg soknerådsmedlem og Maria Eide Sørheim kom inn som 4.vara. 

Gesitleg representant; Ut august 2020: sokneprest Stein Ove Skadal, 1.0.2020- 14.2.2021 prost Arild Hellesøy, 15.2.2021 - vikarprest Arne Opsahl Engen

************************

Tilbake