Alle 9-åringar: 1 søndag i advent får du som er vert 9 år i 2020 Salmebok i gåve frå Jondal sokn.
29.11.2020 er dagen for salmebok-gåva i 2020. Ljosmesse og mykje kjekt i kyrkja denne dagen. Utdelinga skjer på ljosmessa kl.16.00.
Kvar haust, på Ljosmessa, gjev Jondal kyrkjelyd salmebok i gåve til alle 9-åringane i Jondal sokn.

Til alle 9 åringar m/føresette!
Første søndag i advent, søndag 29.november, er det Ljosmesse i Jondal kyrkje. Du som er 9 år i 2020, er særskilt invitert til denne gudstenesta, då kyrkjelyden ynskjer å gje deg og alle 9-åringar i Jondal ei salmebok i gåve denne dagen.
Jondal kyrkje tok i bruk Norsk Salmebok 2013 (N13) 1.søndag i advent 2013. I kyrkja har me raud salmebok (med notar) og blå salmebok (med stor skrift, utan notar). I tillegg har me ei brun pocket-salmebok.
Skriv gjerne namnet ditt i salmeboka di. Og det er flott å ha med si eiga salmebok når du er i kyrkja.
Under gudstenesta vert namna på 9 åringane opplese, og dei som er tilstades kjem fram og mottek salmeboka. Om du ikkje vil at me skal lese opp namnet, gje melding Anne Karin Stormyr på 91394982 eller til kyrkjelydskontoret 53650900
Kyrkja har eit fint samarbeid med skulen om salmeboka, og i løpet av 4.klasse får de 2 salmetimar saman med kantor, ein på skulen like rundt jul, og på våren har vi ein salmetime i kyrkja.
Velkomen!
Venleg helsing kantor i Jondal sokn,
Anne Karin Stormyr.