GUDSTENESTER, ANDRE ARR. OG INFO


Velkommen til gudsteneste i Herand bedehus 12.juli og i Jondal kyrkje 26.juli og 16.august. Under artikkelbiletet (klikk evt. "les mer") finn de plakatar, streaminglink og evt. videoar.

 

 

 

For detaljinfo om arrangement, sjå PLAKATTAVLA. Sjå også plakat med info om Rebusløp rundt Jondal kyrkje. Takk til trusopplærar Therese i UKF som har laga rebusløp rundt Jondal kyrkje og andre kyrkjer i Ullensvang.

Gudstenesta i Herand 12.juli vert ikkje streama. Gudstenestene 26.juli og 16.august vert streama direkte her. NB! Dersom du har klikka på linken før vi starta streaming, må du gjerne gå ut av linken, og så gå inn igjen på nytt for å få linken aktiv. Velkommen.

Det er i korona-tid laga videoar frå Jondal kyrkje av følgjande arr:  Folkemusikkmesse 21.juni, Gudsteneste 17.mai, Familiegudsteneste 3.mai, Høgtidsgudsteneste 1.påskedag.   Salmekveldar 9.juni, 13.mai og 22.april. Andakter 26.mai og 30.april.  Pasjonskveld frå langfredag.Babyson (for alle) 28.april og 5.mai  Desse videolinkane er deaktiverte frå 1,juli, då vanlege TONO reglar gjeld frå 1/7. Takk til Sigrid Kvåle, Bård Kråkevik,Trygve Baggegård Myrlid og Voss kommunikasjon som har gjeve oss god oppstartshjelp for å kunne streame, redigere og gjere tilgjengeleg arrangement frå Jondal kyrkje no i korona-tider.

Til ei kvar tid gjeldande smittevernsreglar gjeld sjølvsagt også for alle arrangement i kyrkja. og Ullensvang kyrkjelege fellesråd har vedteke eigen smittevernsplan.

Ønskjer du vite litt meir om kva som skjer i Ullensvang kyrkjelege fellesråd eller i dei andre kyrkjelydane i Ullensvang, finn du info på fellesrådet si nettside https://ullensvang.kyrkjer.no/ og på facebooksida Kyrkjene i Ullensvang. Jondal sokn har facebooksida Jondal kyrkje.

 

Tilbake