Pilegrimsturen 2004



 
Den første pilegrimsturen etter at ØKG og Vikebygdkrinsen hadde merka pilegrimsvegen,
Jakobsdagen, 25.juli-04


foto:A.K.Stormyr

Turen starta med "kyrkjebuss-gudsteneste" nede ved Hardingarinden, Botsvassvegen i Krossdalen. Bjøllekyr samla seg kring bussen og ringde saman til gudsteneste. Og på grunn av litt friskt og fuktig vêr, vart friluftsgudstenesta flytta inn i bussen.
Etter gudstenesta tok mest ein tredel på heimveg. Veret såg ikkje ut til å bli det beste.

Men resten la trøstig i veg opp Hardingarinden. Her kjem dei opp frå Stabergsdalen.





Ved Langedalshaugen fekk vi vind og skodde på oss. 
Her har pilegrimane kome opp frå Langedalen og passerer på høgre sida av Langedalstjørn.

Litt etter kom vi under skodda.
Disen blei liggjande som eit teppe over oss, men resten av turen hadde vi fin sikt.
Utsyn mot ein disig Veranut
Utsyn mot Inste Revavatnet

og mot Reisæterskardet ovanfor Sørfjorden.
Rast ved Høgstaleitet
Turleiarar med fløyte og niste

Gjertrud Bleie har, på vegne av Vikbygdkrinsen, vore med å merke pilegrimsvegen frå Reisæter og opp til Reisæterskardet. Her ønskjer ho leiaren for Øvre Krossdalen Grendalag, Anne Karin Stormyr, velkomen over fjellet. Øvre Krossdalen Grendalag er initiativtakar til merkinga av pilegrimsvegen over fjellet. 
Her møtest dei ved Bleie-elva innanfor Reisæterskardet.
Utsyn frå Reisæterskardet- ned mot Sørfjorden.
Varden ved Reisæterskardet.

Reisæterlia
Pilegrimar frå Krossdalen på veg ned lia

Ein liten firbeint medvandrar, saknar eigaren sin og vil ikkje ned lia. Løysinga vert nedtur i sekk til ho høyrer den rette røysta. Med eigaren ved sida, er vegen lett å gå...

Ein våt nedtur,


ned Reisæterlia.
Vel nede ved leet til Reisæter, samlast vandrarane til avsslutning.
Magnus-hymnen tonar i det vandrarane går vidare ned til gardane på Reisæter.

Borna på Reisæter tek vel imot pilegrimane.
Dei har frilufts-café med sal av kaffi, saft, sjokolkadekake og jordbær.

Pilegrimsføgjet klare for retur Jondal på hjul.




Tilbake