Pilegrimsturen 2007


 
Bilete frå pilegrimsturen 2007, laurdag 14.juli
foto: A.Stolk

Åndeleg føde med på vegen var tidebønene Laudes (ved oppstart) og
Sekst (ovanfor Stabergsdalen).
Liturg var sokneprest Gunnar Mindestrømmen, og turleiarar elles var Anne Karin Stormyr og Ivar Kvåle.
23 pilegrimar var med på turen. Denne gongen var ikkje veret det beste, og då vi kom opp til Langedalen, snudde først ei lita gruppe. Etter å bli møtt med veldig sterk vind lenger oppe i dalen, snudde også resten av pilegrimsfølgjet, og gjekk ned att om Stabergsdalen og Haringarinden.
No vonar vi på betre klaff med verforholda til neste år .




Pilegrimsfølgjet på veg opp Haringarinden










I botnen av ura nedanfor Staberget.




























Øvst på Hardingarinden















På veg inn i Stabergsdalen.








Bilete ved Langedalen og retur Stabergsdalen vert lagt inn seinare.
Dersom nokon er interessert i å vere med på merketur eit stykke langs pilegrimsvegen, er det fint om de kontaktar Anne Karin Stomyr på 91394982 eller at de sender namn& telfonnr./ e-post til kantor@jondalkyrkje.no

Tilbake