JU - Jondal Ungdomskor


Velkommen i JU (= ungdomskorgruppe), konfirmantane i konfirmantkoret og om du ønskjer å synge fast i ei ungdomsgruppe utanom kontaktar du kantor, så får vi det kanskje til. Elles er ungdomar frå kl.8 og oppover også hjarteleg velkomne i Jondal Grendakor som øver i kyrkja kvar tysdag kl.19-21.

 

Vedtekter

I 2020 ønskjer JU velkomen til

a) Konfirmantkoret som er obligatorisk for konfirmantkullet 2019/2020, og som øver fram mot Ljosmessa, kyrkjespelet og konfirmasjonsgudstenesta pluss liturgi og songar i samband med vanlege gudstenester.  Prosjektkontingent kr.50,- pr. songar pr.semester.

b) Ei fast ungdumsgruppe, JU.  Denne gruppa vert ikkje operativ i år før du og nokre til melder seg på. Bli med då vel.   Øvingstid & dag vert fastsett i møte med dei påmelde ungdomane. JU er ei korgruppe av ungdomskorsongarar frå 13 år og opp. Vil de fleire ting, er vi opne for forslag og initiativ.  Flott om du vil vere med. Prosjektkontingent kr.50,-

Både ungdomsgruppa JU og konfirmantkoret er korgrupper under Jondal Ungdomskor.

Mvh JU v/Anne Karin

Tilbake