SOLSTRÅLA


Hei alle i Solstråla. Takk for vårsemesteret og velkomne attende til korstart tysdag 18.august. Sjå "les mer" for meir info.

 

Øvingsvideo til kyrkjespelet Deg å få skode

Videoøving1 Solstråla   Tekstark til Videoøving1 

Videoøving2 Solstråla  Tekstark til Videoøving2

Korstart til hausten vert 18.august. Torsdag 27.august er vi med på kyrkjespelet saman med konfirmantane. Øvingslink kjem her.

ÅRSMØTET 22/3-2020: Årsmøtereferat 2020, Årsmelding 2019 S, Årsmelding 2019 JU, Reknskap 2019 S,  Tillitsvalde 2020- sjå årsmøtereferatet.

Solstråla inviterte til jubileumskonsert i Jondal kyrkje 25.januar kl.16.15. Solstråla feira 40 år, og takkar alle som kom og feira saman med dei både som publikum, som musikarar og songarar. Stor takk til dirigentane Unn Elisabeth Nielsen og Anne Karin Stormyr. Og stor takk til Jondal sokneråd for god hjelp til gjennomføring av konsert og bollefest.

Bjarte Leithaug vart diverre sjuk og måtte melde forfall til konserten. Så Solstråla håper å kunne invitere dykk til ein ny konsert saman med Bjarte Leithaug seinare i vår eller tidleg haust.

LEITHAUGSONGAR til 25.01.2020

SEMESTERLISTE VÅR 2020

Hordaland Folkeblad 14.januar 2020

KONTINGENT Solstråla VÅREN 2020 -  Betal kontingent innan 10.februar til 3450.27.04542, kr 150,- pr. barn, dersom søsken betaler de kr 150,. for barn nr.1 + kr.100,- for barn nr.2. Merk betaling med fornamn+ vår2020  

 

HJARTELEG VELKOMNE SOM SONGARAR I  SOLSTRÅLA 

Solstråla Aspirantkor (1-4.klasse) som øver tysdagane kl.12.45-13.45 på Jondal kulturskule

Songarar frå 5-7kl. kan også vere med på tysdagsgruppa 12.45, sidan dei berre har 5-timars skuledag. Songarar frå 8kl- og oppover, er hjarteleg velkomne til å vere med i vaksenkoret , Jondal Grendakor, tysdagar kl.19-21. 

Dersom songarar i aldersgruppa 5-10.kl. ønskjer å synge , men desse to alternativa ikkje passar, tek de kontakt med Anne Karin. Kanskje kan vi få eit enkelt prosjekt nokre få øvingar. Den tida og ressursen vi hadde i vår for denne gruppa, er fordelt på andre oppgåver, sidan det var for lita påmelding til korgruppa. 

2) Laurdag 25.januar kl.16.15 feirer Solstråla 40 års-jubileum med  Leithaugkonsert i Jondal kyrkje.Då møtest vi til kortreff kl.14, øver saman, og framfører  desse songane som  felleskor: Skal vi være venner/ Vi må vere med/ Syng en sang om freden/ Rosa drøm/ Takk for den dagen/ Fly lille engel/ Jeg liker dine store ører/ Åpen linje - på konserten kl.16

3) Velkomne med på Musica Sacra sommerkurs 24-28.juni 2020 på Solborg Folkehøgskole, Stavanger, gjerne saman med søsken og foreldre. Dei borna som spelar piano/orgel kan i tillegg til kor også vere med i orgelklubben. 

Kontingent for vårtsemesteret kr.150,-  pr. songar betalast til Solstråla sin konto 3450.27.04542 innan 10.februar. NB! Søsken nr. 2,3 etc à kr.100,- pr semester.

Fast øvingstid i vår er tysdagar kl.12.45-13.45 på Jondal kulturskule for klasse 1-4 +(evt.5-7) 

NB! Dersom du ikkje har vore med i Solstråla i vår, men ønskjer å vere med dette koråret (=skuleåret), sender føresett ei melding til kantor(krøllalfa)jondalkyrkje.no med namn, adresse, fødselsår & dato + telefon & mail til føresette.

Takk for at de melder frå pr SMS til 91394982 dersom de må melde forfall til øving eller opptreden.

God vår. Mvh Anne Karin

Dersom du vil byrje i Solstråla, ber du mor, far, eller anna føresett sende mail med påmelding til kantor(krøllalfa)jondalkyrkje.no: Namn, adresse, fødselsdato/år, mobilnummer til føresette, mailadresse til føresette. Og så kjem du på neste øving. Hjarteleg velkommen.  (Hugs at koråret, følgjer skuleåret.)

***********

Frå kortreffet i Førde 2018. Sjå bileta frå Nils med hatten (forbundssekretæren i Ung Kirkesang)

 

Tilbake