Aktivitet i kyrkja i sommaren 2021.


Det er mykje fin aktivtet i Jondal kyrkje gjennom heile sommaren, og me håpar at mange vel å ta turen innom kyrkja med vener og familie. 

 

 

 

Vi kjem med infor her, når det er bestemt om det skal vere opa kyrkje i sommar. 

 

Vanlege somrar er det kyrkjebåtturar kvar onsdag kveld kl. 19 i same periode som opa kyrkje. Kyrkjebåten går frå Jondal Båthavn og er gratis for alle. Redningsvestar kan lånast i kyrkjebåtnaustet. Ein vakker tur som anbefalast sterkt. Sjå meir om KYRKJEBÅTTURANE. Det er usikkert om dette kan raliserast i sommar, grunna pandemien.

Tysdagar kl.20.00 frå 22.juni og ut juli vil det vera små sommarkonsertar i Jondal kyrkje med kantor Anne Karin Stormyr og andre besøkande. Konsertane varer 30 minutt. Og etter dei 4 første konsertane, vil det, etter ein liten pause etter konserten, også vere høve å stoppe igjen og vere med på ei enkel kveldsbøn (completorium)

Det vert nokre salmekveldar/kveldsbøner, der vi høyrer og syng kjende og nye salmar saman.  

Det vert gudstenester 13/6, 27/6, 4/7 (Herand), 11/7, 15/8 og 29/8 

Og så vil me minne om Pilegrimsturen den 8. juli - sjå meir her: PILEGRIMSTUREN

Me ynskjer dykk alle ein god sommar, og hjarteleg velkomne til Jondal Kyrkje! 

Plakat kjem.

Tilleggsinfo: 

Vaktliste for åpen kyrkje kjem her

 

Tilbake