LYSVAKEN 2020


Neste LysVaken helg er utsett frå 14-15.november 2020 til våren 2021 grunna situasjonen rundt Covid-19. Ny invitasjon vil kome etter nyttår. 

 

 

Våren 2021 vert det Lys Vaken Helg her i Jondal Kyrkje istaden for den som skulle ha vore 14-15.11.2020. Dato vert snart avklart. Alle i 5. og 6. kl får invitasjon til å vere med på denne helga i kyrkja. Det blir ein hyggeleg og sosial samling med variert program med gudstenesteverkstad, pizza og sosialt samver. På grunn av Covid-19 pandemien vert det ikkje overnatting denne gongen. Men vi møtsed i kyrkja søndagsmorgonen 09.30 og gjer oss klare for gudstenesta. Me treng 4 frivillige, 1 laurdag og 2 søndag, som kan vera med denne helga for at alle skal kjenna seg trygge og i gode hender, så om du som forelder eller kyrkjevenn vil vera frivillig, ta kontakt :)  (sjå invitasjonsbrev)

Invitasjonsbrevet som er sendt ut til Lys Vaken Helg 2020. NB! Arrangementet er utsett til våren 2021 og ny invitasjon vil kome.

Her er bilete frå LysVaken 4-5.februar-17:

Øving til drama om den lamme mannen:

LysVaken-gjengen, i mål med gudsteneste-verkstad - klar for stafett og snapp

Gudsteneste i Jondal kyrkje. LysVaken gjer teneste som kor og med-liturgar,

 

Dei går inn i prosesjon til tonar frå J.S.Bachs toccata i d-moll, og er forsongarar på første salmen- N13 557 Du kalla oss til kyrkja.

Så presenterte dei seg med å synge LysVaken-songen. Dei var også med rundt altarringen med rørsler til Kyrie og Gloria.  Medan kyrkjelyden song N13 989- Søk først Guds rike- gjekk evangelieprosesjonen ned til midten av kyrkjeskipet.

Der vart evangelieteksten frå Markus 2, om den lamme mannen, lesen.

Litt seinare dramatiserte LysVaken-gjengen forteljinga om den lamme mannen. Her tek venene den lamme med seg fram mot eit hus der Jesus talar til ei stor folkemengd. Dei håper Jesus kan gjere den lamme frisk. 

Då dei kjem fram, ser dei at det er så fullt av folk at dei ikkje har sjanse til å kome fram til Jesus. Men dei kjem på noko lurt.

Dei tek mannen med seg på taket, lagar hol i taket og firer den lamme venen sin ned rett framføre Jesus.

Jesus seier: Son, syndene dine er tilgjevne.

Folkemengda: Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn ein- det er Gud?

Jesus: Kvifor går de med slike tankar i hjartet? Kva er lettast å seie til den lamme: Syndene dine er tilgjevne- eller: ”Stå opp, ta båra di og gå? Men for at de kal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder- (vendt til den lamme mannen) – så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim.

Og mannen reiser seg, takkar Jesus, tek båra si og går heim saman med venene sine

Folkemengda: Noko slikt har vi aldri sett.

Går du i 5-6.klasse til hausten? Vil du bli med på LysVaken i november 2020? Info om påmelding kjem.

Alle i målgruppa får invitasjon. Har du spørsmål, ring kyrkjelydskontoret på 53650900

 

 

Tilbake